På Veitastrond skule går det 4. elevar. Dette skuleåret har vi elevar på 1, 2, 5. og 7. steg. Vi har ca.1,5 lærarstillingar knytt til skulen fordelt på to lærarar. I tillegg administrerer rektor eit barnehagetilbod. Veitastrond skule ligg midt i den vakre bygda Veitastrond i Luster, 45 km frå kommunesenteret Gaupne. Veitastrond er ei frodig jordbruksbygd med noko over 100 innbyggarar. Bygda ligg ved enden av Veitastrondsvatnet. På tre av fire kantar har vi Jostedalsbreen som nærmaste nabo.